russisk norsk
I dag:

 
 
mon tue wed thu fri sat san
25 26 27 28 29 30 1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31  1  2  3  4  5

31.08.2011

Garden deltek på militærmusikkfestival i Moskva

130 norske soldatar og befal frå musikk- og drillkompaniet opptrer fem kveldar på rad under den internasjonale militærtatooen Spasskaja Basjnja i Moskva neste uke.

Festivalen har invitert Hans Majestet Kongens Garde fleire gonger tidligare, men i år er det første gong dei har høve til å delta.  

Musikk- og drillkompaniet i Garden, eller 3. Gardekompani, reiser rundt og opptrer i inn- og utland og er samansett av 130 vernepliktige. I Noreg er alle menn i utgangspunktet pliktig til å delta eit år i forsvaret, og nokre få er gode nok til å ta denne tenesta i 3. Gardekompani. Også kvinner vel friviljug å vera med. Internasjonalt blir det sett på som unikt at det norske musikkompaniet ligg på eit så høgt musikalsk nivå når dei blir bytt ut kvart år. Hovudinnrykket til Garden skjer i oktober, og fram til sesongen byrjar om våren, har dei omfattande trening på marsjering, musikk, disiplin og fysisk form. Dei får også grunnleggjande soldatutdanning.

I 2011 er militærtatooen Spasskaja Basjnja eit av høgdepunkta for Garden. Den årlege militærmusikkfestivalen er ei av dei viktigaste og mest imponerande hendingane i kulturlivet i Moskva. Kvar kveld frå onsdag til sundag er det eit nesten tre timar langt show på Den raude plassen med utøvarar frå heile verda, her litt under 10 minutt er sett av til nordmenna. Over 40 militærorkester frå 15 land har tidlegare delteke på festivalen. Det er plass til 7000 på Den raude plassen ved kvart show, og i tillegg ventar festivalen at rundt 100 millionar vil fylgje med gjennom TV og Internett.

Vil du få meg deg det norske musikk- og drillkompaniet på Spasskaja Basjnja ( )?

Billetter kan kjøpast på: www.ticketland.ru, www.kassir.ru og www.consert.ru.

Les meir om billettsalet her.  

«


Start side Legg til mine favoritter Site mappe Kontakt Oss
  



:
SpyLOG
Rambler's Top100
@Mail.ru
    akershus.no norge.ru
© NORGE.RU 1999-2016. Alle rettigheter er forbeholdt
For avskrivning arbeidsmateriale, anbefalingen å en sted er obligatorisk.
Det juridisk beskjed | Om en sted | Annonser
Utviklingen av steder, reklamen inne det Sykehuslege, forfremmelse og optimering